Fangst av kongekrabbe for turistfiskebedrifter
Turistfiskebedrifter kan søkje om adgang til å fangste kongekrabbe i kvoteregulert område. Den totale kvota for turistfiske etter kongekrabbe er fastsett til 13 tonn i 2023.
Det er fire skjema for fangst av kongekrabbe for turistfiskebedriftar:
Skjema for søknad om deltaking i turistfiske etter kongekrabbe (pålogging via ID-porten)
Skjema for rapportering av fangst av kongekrabbe i fritids- og turistfiske (pålogging via ID-porten)
Skjema for melding om påslått/avslått AIS i kongekrabbefiske (pålogging via ID-porten)
Formål og vilkår
Retningslinjer for turistfiske etter kongekrabbe
Det er to tildelingsrundar for bedrifter som ynskjer å fangste kongekrabbe i turistfiskekvota. Påmeldingsfristen for deltaking i turistfiske det kommande året er 4. desember. For at flest mulig skal få høve til å delta, har vi også ein tildelingsrunde i juni kvart år. Påmelding for andre tildelingsrunde skjer mellom 15. mai og 31. mai.
For å søkje må turistfiskebedrifta vere registrert i Brønnøysundregisteret, og bedrifta sitt formål må inkludere «turistfiske» eller liknande. Turistar kan ikkje på eigen hand drive fangst av kongekrabbe gjennom bedrifta sitt løyve.
Det er kun naudsynt å søkje ein gong per reguleringsår.