Lakserømming i Sognefjorden

Fiskeridirektoratet følgjer opp ei rømmingshending hjå Aller Aqua AS i Vadheimsfjorden i Høyanger. Laksen som har rømt er i underkant av 5 kg i storleik.

Hendinga

Aller Aqua meldte laurdag 29. oktober om ei rømmingshending på lokaliteten Floteneset i Høyanger kommune i Vestland. Det var då oppdaga eit stort hol i ei av nøtene på anlegget.

Fiskeridirektoratet har pålagt selskapet å drive gjenfangst i Vadheimsfjorden, ut til Langeneset-Verpeneset. Dette fisket føregår med innleidd fartøy og reiskap som er tydeleg merka.

Omfanget av rømminga er ikkje avklart. Fisken som har rømt har ei snittvekt på i overkant av 4,8 kilo og var slakteklar. Selskapet har så langt registrert ein gjenfangst på ca. 250 oppdrettslaks.

Fiskeridirektoratet vil følgje opp med tilsyn hjå selskapet.

Fiskeridirektoratet ønskjer tips i nytt digitalt tipssystem

Personar som ønskjer å melde inn tips om fangst av oppdrettslaks i området, kan gjere det her: Tips Fiskeridirektoratet.

Legg gjerne ved bilde av fisken.

Tipsa vil vere til hjelp for å vurdere omfang og spreiing av oppdrettslaksen.

Mottak av fisk og dusør

Aller Aqua har oppretta mottaksstasjon på Vadheimskaien, for dei som ønskjer å levere inn oppdrettslaks dei har fiska. Selskapet opplyser at dei vil betale 200 kr for kvar fisk som blir levert. Ein må på førehand kontakte selskapet på tlf: 95030591.

Publikum må følgje gjeldande fiskereglar for området (statsforvalteren.no)

Oppdatert: 31.10.2022