Rapportering på havet

Alle norske fartøy som driv ervervsmessig fiske og fangst er pålagde å rapportere fangst og aktivitet på havet. Føremålet med rapporteringsplikta er å leggje til rette for effektiv regulering av fiskeria, gje betre kontroll med ressursuttaket og eit godt grunnlag for statistikk og forsking. Frå 1. oktober 2019 blir det gitt innsyn i ERS- og VMS-data.

Fartøy på eller over 15 meter er pålagde å rapportere fangst- og aktivitetsdata elektronisk (ERS). Desse fartøya er også pålagde å rapportere posisjonen til fartøyet elektronisk.

Fartøy mellom 13 og 15 meter pålagde å rapportere fangstmeldingar elektronisk ved hjelp av kystfiskeappen.

Elektronisk rapportering erstattar tidlegare rapportering på papir i fangstdagboka. Bruken av fangstdagbok på papir er difor oppheva, med unnatak for fartøy som har dispensasjon frå kravet til elektronisk rapportering.

Innsyn i ERS- og VMS-data

Det er eit generelt mål at forvaltninga bidrar til større openheit om data som blir mottatt frå fiskerinæringa. Frå 1. oktober 2019 blir det derfor gitt innsyn i ERS- og VMS-data.

Avhengig av kor mange innsynskrav vi får, og kor omfattande desse dataa er, må ein rekne med til tider vesentleg sakshandsamingstid.

Openheit om fangst- og aktivitetsdata (ERS) og posisjonsrapportering

Forslag om auka datainnsamling

Fiskeridirektoratet har i eit forslag til Nærings- og Fiskeridirektoratet foreslått auka datainnsamling frå den minste flåten. Ved å utvide kravet til å rapportere fangst og posisjon til heile den norske fiskeflåten vil både forsking og forvalting få betre oversikt.
Nyheitssak om forslaget: Ønsker mer data fra fiskeflåten

Oppdatert: 15.10.2019