Tonnevis med makrell kasta på havet

Etter å ha mottatt fleire tips om at makrell har blitt kasta på havet vest av Sotra i Øygarden kommune, har Fiskeridirektoratet no dokumentert funn av mellom 5 og 10 tonn makrell på havbunnen.

Funnet er gjort på om lag 25 meters djup i eit område sør for Møvik på Sotra i Øygarden kommune. Dette er eit område som mellom anna blir brukt til låssetting av makrell.

– I samarbeid med Fiskeridirektoratet region Vest har vi fulgt opp tips om dumping av makrell i dette området. Ved hjelp av ein undervassdrone kom vi over store mengder død makrell som låg på botnen over eit stort område. Vi anslår at det kan dreie seg om mellom 5 og 10 tonn makrell, seier inspektør Jim Anders Edvardsen i Fiskeridirektoratets Sjøteneste.

Blir ikkje kvoteavrekna

Det er ikkje tillatt å sleppe fangst når det er fare for neddreping. Neddreping av fisk og brot på ilandføringsplikta vert karakterisert som miljøkriminalitet og fører til feil i kvoterekneskapen.

– Fiskeridirektoratet ser svært alvorleg på slik framferd, seier seksjonssjef Thord Monsen ved kontrollseksjonen i Fiskeridirektoratet.

Undersøking

Det er vanskeleg å fastslå kor lenge fisken har lagt i området, og det er fleire som brukar dette området til låssetting av makrell.

– Vi undersøker saken vidara og har kopla på Analyseeinheiten vår i Vardø som ved hjelp av posisjonsdata og andre kjelder, kan gå tilbake og sjå på aktiviteten i dette området, seier Monsen.

Norges Fiskarlag tar avstand

Leiinga i Norges Fiskarlag er ikkje glad for slike meldingar, og Fiskarlaget tar avstand frå dette.

– Norges Fiskarlag er opptatt av at fisket skal føregå med aktsemd, i lovlege former og vi tar avstand frå dumping av fisk. Det skal vere likheit for lova og vi oppmodar alle våre medlemmer til å sørge for at slikt ikkje skjer. Vi er ikkje kjent med kva som har skjedd i dette tilfellet, men også uhell skal meldast, seier leiar Kåre Heggebø i Norges Fiskarlag.

Film som viser dumping av makrell

Oppdatert: 05.11.2021