Satsingar
Fiskeridirektoratet har fem strategiske satsingsområde.
1. Open og tydeleg forvalting
Openheit og tydelegheit er ein føresetnad for at næringsaktørane, samarbeidspartnarar og samfunnet skal ha tillit til det arbeidet vi gjer.
Vi går i dialog og søker samarbeid internasjonalt, nasjonalt og internt i Fiskeridirektoratet for å utvikle vår forvalting.
Vi er til stades og tar ei tydeleg og aktiv rolle.
Ambisjonar
- Vi kommuniserer aktivt og tydeleg med bakgrunn i vår fagkunnskap.
- Vi vert føretrekt som informasjonskjelde på våre forvaltingsområde.
- Vi er ein naturleg deltakar i fora der fiskeri- og akvakulturnæringane vert diskuterte.
- Vårt kunnskapsgrunnlag og alle offentlege data vi brukar i arbeidet er tilgjengelege for ålmenta på ein enkel måte.
2. Enkel og føreseieleg forvalting
Eit regelverk som ivaretek relevante omsyn, som er lett å forstå og som følgjer samfunnsutviklinga, gir legitimitet.
Vi er bevisste på kva omsyn regelverket skal ivareta. Vi forstår næringane sine utfordringar og utviklar reglar som er enkle å følgje. Vi samarbeider med næringane for å forebygge regelbrot. Å sørge for at lover ikkje vert brotne, er likevel næringane sitt samfunnsansvar.
Vi forbetrar, fornyar og forenklar regelverket og forvaltinga, og vi utviklar nye metoder for tilsyn og kontroll. Vi samarbeidar strategisk med nye og eksisterande samarbeidspartnarar.
Ambisjonar
- Regelverket ivaretar ålment aksepterte omsyn.
- Regelverket er enkelt å forstå, følgje og handheve.
- Vårt tilsyn og våre kontrollar er baserte på risikovurdering.
- Våre arbeidsprosessar blir systematisk evaluerte, forenkla og forbetra. Dette har gitt høgare produktivitet og betre kvalitet på arbeidet vårt.
- Vi opptrer einheitlig og konsekvent.
3. Sterkt kompetansemiljø
Høg kompetanse i alle ledd av Fiskeridirektoratet gir auka tiltru til norsk fiskeri- og akvakulturforvalting.
Næringane vi forvaltar er i rask endring, og Fiskeridirektoratet set derfor læring, kunnskap og rekruttering i system. Arbeidet vårt er til ei kvar tid basert på best mogleg fagleg kunnskap.
Individuell kunnskap vert omsett til felles kompetanse, og vi strekkjer oss langt for at tilsatte på alle nivå har moglegheit til personleg og fagleg utvikling til beste for samfunnsoppdraget vårt.
Ambisjonar
- Vi har godt samsvar mellom direktoratets kompetansebehov og den faktiske kompetansen vi har.
- Leiarane prioriterer medarbeiderutvikling.
- Vi arbeider offensivt med planar for korleis vi skal rekruttere og behalde medarbeidarar.
- Vi er blant dei mest attraktive arbeidsplassane der vi er.
4. Sterk kvalitetskultur
Systematisk kvalitetsarbeid sikrar at vi unngår feil, manglar og ulik saksbehandling som kan få store konsekvensar for næringane og skade forvaltinga sitt omdømme.
Vi er løysingsorienterte og opptatt av å nå våre mål. Tilsette i Fiskeridirektoratet opptrer einheitleg, føreseieleg og profesjonelt slik at ingen er i tvil om at direktoratet er éin etat.
Vi har god kultur og gode rutinar for å dele kunnskap og søke råd hos kvarandre. Vi innrømmer og rettar opp feil og lærer av desse.
Ambisjonar
- Vi dokumenterer effekten av det vi gjer og utviklar standardar og metodar som bidreg til å auke kvaliteten, likebehandlinga og produktiviteten i arbeidet vårt.
- Leiarane brukar meir tid på planlegging og prioritering for å nå våre mål og sikre god ressursbruk.
5. Brukarvennleg offentleg sektor
Når det er enkelt og trygt å kommunisere med oss, aukar truverda.
Fiskeridirektoratet tar initiativ til og utviklar nye digitale løysingar som gjer kvardagen enklare både for næringsutøverane og for egne tilsette.
Vi bidrar til å utvikle metodar og system på tvers av offentleg sektor for å forenkle arbeidsprosessane.
All informasjon på www.fiskeridir.no er korrekt og lett tilgjengeleg, slik at brukarane sjølv finn fram og stolar på dei svara dei finn.
Ambisjonar
- Alle registre og skjema er brukarvennlege og moderne.
- Det er innført fleire digitale løysingar for sjølvbetening.
- Alle data er tilgjengelege i hensiktsmessig format.
- Vi har gode og brukarvennlege kartløysingar.
- Vi bruker eit klart og tydeleg språk.