Nye hummarfredingsområde i Oslo og Eigersund

Fiskeridirektoratet har oppretta nye hummarfredingsområde i Oslo og i Eigersund. Fredinga har verknad frå 1. oktober 2022.

Det nye fredingsområdet i Oslo dekker heile det indre havneområdet.

- Det er ganske unikt med eit fredingsområde «midt inne i byen». Det kunne knapt vore meir sentralt plassert, seier seniorrådgivar i Fiskeridirektoratet, Kari Grundvig.

I år som tidlegare ynskjer Fiskeridirektoratet at det er kommunane sjølv som skal ta initiativ til nye fredingsområde. Det er høvesvis Oslo kommune og Eigersund kommune som har føreslått områda som no blir freda.

- Det er altså ein bottom up tilnærming her. Det er lokale krefter som arbeidar fram forslaga og lokalpolitikarane stiller seg bak det før vi tar det over i vår forskriftsprosess, seier Grundvig.

2022-fredningsomrader-oslo.JPG
Fredningsområdet for hummer i Oslo
2022-fredningsomrader-egersund.JPG
Fredningsområdet for hummer i Egersund

Fiskeridirektoratet har hatt dialog med forslagsstillarane, organisasjonar og andre aktørar samt gjennomført høyring, før vedtaket om freding vart fatta.

- I Oslo har for eksempel Marinreparatørene vore inne i bildet og gjort mykje arbeid, seier Grundvig.


Område i kart

Her kan du sjå dei nye områda i vårt kartverkty, saman med dei andre fredingsområda nasjonalt.

Oppdatert: 21.09.2022