Notinspeksjon med ROV: Fleire tilfelle der skadane på nota ikkje vart oppdaga

I 2020 og 2021 var det fleire tilfelle der notinspeksjonar med ROV ikkje avdekte faktiske skadar på nøtene. Dette var hol som skulle ha blitt avdekte under inspeksjonane, men som først vart oppdaga ved neste inspeksjon, notspyling, avlusingsoperasjon eller rutinekontroll av dei tilsette på anlegget.

Ein ROV (forkorting for engelsk Remote-Operated Vehicle) er eit fjernstyrt undervassfartøy som er utstyrt med eitt eller fleire videokamera og som blir brukt i staden for dykkar ved fleire typar arbeid (figur 1). Dei siste åra har det blitt meir og meir vanleg å inspisere nøtene med slike ROVar, både ved regelmessige rutineinspeksjonar og i samband med ulike arbeidsoperasjonar der ein tradisjonelt har brukt dykkar eller der ein tidlegare gjerne lét vere å kontrollere nøtene.

Notinspeksjon med ROV. Foto: SINTEF Ocean.
Figur 1: Notinspeksjon ved bruk av ROV. Foto: SINTEF Ocean.

Det er ein heil del arbeidsoperasjonar ved sjøanlegg som kan påføre nøtene skade, noko som igjen kan føre til at fisken rømmer. Å overvake tilstanden på nøtene i samband med slike arbeidsoperasjonar er difor svært sentralt for å hindre rømming. Fiskeridirektoratets statistikk viser at majoriteten av alle innmeldte rømmingshendingar er knytte til arbeidsoperasjonar og at ein stor del av desse er avlusingsoperasjonar. SINTEF har i rapporten «Kunnskap og metoder for å forebygge rømming»[1] ein årsaksanalyse som viser at hol i not er den vanlegaste og viktigaste direkte årsaka til rømming. Sett i lys av denne statistikken er det svært positivt at det no har blitt meir vanleg å overvake ulike arbeidsoperasjonar med dykkar eller ROV. Særleg ser det ut til å vere eit auka fokus på å ta større grad av kontroll over avlusingsoperasjonar og tilsvarande behandlingar, der nøtene no ofte blir overvaka og kontrollerte både før, under og rett etter sjølve behandlinga.

Jamvel om nøtene blir overvaka og inspiserte i større grad enn før, i samband med slike operasjonar, viser erfaringar frå Fiskeridirektoratet sine tilsyn etter rømmingsmeldingar at det er utfordrande å sikre fullgod kvalitet på kamerabaserte inspeksjonar.

I kategorien «fagstoff» her i erfaringsbasen, finn du eit kort samandrag av tilsynssakene som ligg til grunn for dette erfaringsarket (figur 2). Der har vi inkludert fleire detaljar om kva som gjekk gale under inspeksjonane og kva tiltak som vart sette inn. Alle hendingane er frå perioden 2020 til 2021.

Skadd not.
Figur 2.1: Døme på skadar som var oversett under notinspeksjon med ROV. Dette er ein av dei sakene som ligg til grunn for erfaringsarket og som du finn meir detaljar om i Fiskeridirektoratets erfaringsbase under «fagstoff». Foto: Selskapet.
Skadd not
Figur 2.2: Døme på skadar som var oversett under notinspeksjon med ROV. Dette er ein av dei sakene som ligg til grunn for erfaringsarket og som du finn meir detaljar om i Fiskeridirektoratets erfaringsbase under «fagstoff». Foto: Selskapet.

Fiskeridirektoratet sin gjennomgang av desse tilsynssakene tyder på at fleire av dei som inspiserer nøter med ROV ikkje har tatt innover seg kva standard som faktisk krevst av rutinar, kompetanse og utstyr for å kunne gjennomføre ein notinspeksjon med fullgod kvalitet. Utfordringane med varierande kvalitet på notinspeksjonar ser ut til å gjelde både selskap som har spesialisert seg på dette og oppdrettarar som løyser det internt.

Det desse tilsynssakene også viser, er at det no blir tatt gode grep og sett inn ei rekke tiltak etter hendingar som har avdekt mangelfull kvalitet på notinspeksjonar. Sakene viser eit relativt breitt spekter av tiltak, som dreier seg om rutinar, dokumentasjon, arbeidsforhold, forstyrrande element, tidspress, opplæring, kommunikasjon og kvaliteten på utstyret som blir brukt. Her vil vi skrive litt utfyllande om fleire av desse tiltaka og knytte dei til regelverk, observasjonar og vurderingar vi har gjort i Fiskeridirektoratet:

Kommunikasjon, ansvar og planlegging

I dei fleste av desse sakene er inspeksjonen utført av eit eksternt selskap, men i nokre av sakene er det oppdrettaren sjølv som gjer denne jobben. Betre rutinar for kommunikasjon mellom dei som inspiserer nota og dei som arbeider på lokaliteten blir trekt fram som eit viktig tiltak i fleire av sakene.

Vi vil minne om at oppdrettar har ansvar for at kontroll og overvaking skjer i samsvar med regelverket, også når kontrollen blir gjennomført av ein tenesteleverandør og oppdrettar sjølv ikkje deltek under notinspeksjonen.

Sjølv om notinspeksjon blir sett på som ein rutineoperasjon, er det viktig med god planlegging for å sikre at arbeidet kan gjennomførast i tråd med rutinane og at utstyret fungerer slik det skal. Selskapa bør også ha vurdert korleis dei skal handtere ulike miljøforhold, som sterk straum og dårleg sikt. I ei av sakene blir det trekt fram at det var sterk straum den aktuelle dagen. Straumen kan påverke forma til nota ein heil del (figur 3) og skape utfordringar for operatørane som skal manøvrere ROVen i merden (figur 4).

Not med botnring

Figur 3. Biletet viser ei not med botnring som blir testa i ein forsøkstank under éin knops straum, det vil seie straumstyrke på rundt ein halv meter i sekundet (kring 0,55 m/s). Dette er forholdsvis sterk straum, men ikkje uvanleg langs kysten og i fjordane. Foto: www.egersundnet.no/fou

Regelverk

Det er innehavar av akvakulturløyvet (forenkla omtalt som oppdrettar) som har ansvaret for at nøtene blir kontrollerte og at desse kontrollane blir dokumenterte, noko som følgjer av akvakulturdriftsforskrifta § 37, 41 og 5. I tillegg kjem den generelle forskrifta om internkontroll på akvakulturområdet (IK-Akvakultur), med krav om å kartleggje farar og setje i verk nødvendige tiltak. Krava til internkontroll gjeld også for selskap som leverer notinspeksjon og andre tenester til oppdrettar.

ROV i merd. Foto: SINTEF Ocean

Figur 4. Sterk straum kan gjere det utfordrande å manøvrere ein ROV i merden. Foto: SINTEF Ocean.

Kvalitet på inspeksjonane, kompetanse for operatørane og krav til utstyret

I eit fleirtal av sakene er det gjort filmopptak av inspeksjonen. Filmopptaka fortel ulike historier. I nokre tilfelle har ikkje ROVen inspisert heile notarealet. I andre saker kan heile notarealet vere inspisert, men utan at skadane på nota vart oppdaga av operatøren der og då. I to av sakene var det berre så vidt at skaden har vore synleg for operatøren, slik at det skulle godt gjerast å faktisk oppdage holet under sjølve inspeksjonen. I slike situasjonar vil gjerne ein ROV-operatør ha dårlegare føresetnader enn kva ein dykkar som er fysisk tilstade i merden ville hatt for å oppdage det same holet.

Vi ser også at fleire av ROV-inspeksjonane blir gjort av operatørar som kan ha heilt andre hovudoppgåver under arbeidsoperasjonen, som til dømes drift av ein servicebåt med sentrale oppgåver knytt til handtering av not, lodd og kulerekke (figur 5). Korleis dette spelar inn på kvaliteten av notinspeksjonen, er noko vi er usikre på.

Det er viktig at oppdrettar gjer ei konkret vurdering og at slike moment kjem fram når verksemdene skal kartleggje farar og setje i verk nødvendige tiltak.

Servicebåt ved merd

Figur 5. Illustrasjonsbilete av servicebåtar i arbeid rundt ein merd under ein arbeidsoperasjon. Nota dei løftar er ei orkastnot, som ofte blir brukt når ein skal laste fisk over i ein brønnbåt eller eit avlusingsfartøy. Foto: Magnus Torvik.

I tre av sakene vi har sett nærare på blir kvaliteten på utstyret trekt fram som ein faktor som kan ha medverka til at notskaden ikkje vart oppdaga. Dersom oppdrettar vel å gjennomføre inspeksjon av nøter med ROV, må han sikre at kontrollen har den nødvendig kvaliteten og dokumentere dette. Dette omfattar både krav til at utstyret som blir nytta er eigna til å avdekke eventuelle hol i nota, og at operatøren (eller operatørane) har nødvendige kvalifikasjonar for å handtere utstyret.

Regelverk

Oppdrettaren har eit særskilt ansvar for at den som skal utføre akvakulturrelatert arbeid for han, har nødvendig kompetanse for slik aktivitet, jf. akvakulturdriftsforskrifta § 6. Dette vil då også omfatte nødvendige kvalifikasjonar for å inspisere nøter med ROV, både for eigne tilsette og eventuelle underleverandørar. Oppdrettar skal kartleggje farar og setje i verk nødvendige tiltak for å redusere risikoforholda, jf. IK-Akvakultur § 4 jf. § 5 tredje ledd bokstav f.

Regelverk

Eit selskap som tilbyr notinspeksjon, er leverandør og produsent av denne tenesta, og då må kvaliteten på inspeksjonen vere slik at han stettar kravet i regelverket om at slike tenester skal utførast på ein miljømessig forsvarleg måte, jf. akvakulturlova § 12 første ledd. Den same paragrafen stiller også overordna krav til innretningar og utstyr som blir nytta i aktivitetar som er omfatta av akvakulturlova: Utstyret som blir brukt skal vere forsvarleg utforma og ha forsvarlege eigenskapar, og det skal dessutan brukast med nødvendig aktsemd, jf. akvakulturlova § 12 andre ledd.

Ulike rutinar for køyremønster og tal på operatørar

I ei av sakene blir det heilt konkret peika på at rutinane må endrast for å få ein større overlapp i køyremønsteret til ROVen, for på den måten å sikre at heile notarealet blir kontrollert. Det kan godt tenkjast at dette er eit tiltak som fleire aktørar bør sjå nærare på. Vi har erfart at aktørane som driv med notinspeksjon opererer med ulike rutinar og framgangsmåtar for korleis ein skal manøvrere ROVen i merden. Uavhengig av korleis verksemda vel å kontrollere nota, og kva køyremønster dei bruker for ROVen, må dei sikre at heile nota blir kontrollert og at kontrollen er kvalitativt god nok (figur 6).

Notinspeksjon med ROV. Foto: SINTEF Ocean

Figur 6. Verksemdene må sikre at heile notarealet blir inspisert. Foto: SINTEF Ocean.

Eit anna moment, er at fleire av ROV-operatørane ser ut til å vere avhengige av å sjå i ulike skjermar for å inspisere heile notarealet. Grunnen til dette er at ROVen då har fleire kamera som er kopla til separate skjermar. I ei av sakene var skaden på nota berre så vidt synleg på hovudskjermen som var kopla til kameraet med opptaksfunksjon, men i følgje oppdrettaren skulle den skaden ha vore godt synleg på dei andre skjermane. Eit slikt oppsett med fleire kamera som er kopla til separate skjermar, og som blir overvaka av éin person, finn vi igjen i fleire av sakene.

Tilsynssakene viser at ROV-inspeksjonar er krevjande konsentrasjonsarbeid. I fire av desse åtte sakene har selskapa no endra rutinane sine til at det skal vere to operatørar som i fellesskap inspiserer nøtene.  Andre tiltak har vore forbod om bruk av mobiltelefonar og andre forstyrrande element under inspeksjonane. Det har også vore lagt større vekt på å dokumentere opplæring av alle tilsette som utfører slike inspeksjonar.

Regelverk

  • Både arbeidet som blir gjort og utstyret som blir brukt, skal vere av ein slik kvalitet at det blir gjort ein reell kontroll av nota slik at plikta til å førebyggje og avgrense rømming i akvakulturdriftsforskrifta § 37, og kravet til miljøforsvarleg drift i akvakulturdriftsforskrifta § 5, er stetta.

Filmopptak

At det er viktig å gjere filmopptak av notinspeksjonar med ROV, finn vi igjen i alle desse tilsynssakene (figur 7). Dei som ikkje allereie hadde innført denne rutinen då hendinga skjedde, ser at dette er eit viktig tiltak som må inn i rutinane. Til dette høyrer også med at det må vere god nok kvalitet på opptaka, med bilete som er tilstrekkeleg klare og skarpe for å kunne ha den nødvendige nytteverdien.

Fiskestim i not
Figur 7: Stillbilete som er henta frå filmopptaket av ein notinspeksjon, der holet berre så vidt hadde vore synleg for operatøren. Eit mørkt og uklart bilde viser ei rift i nota, bak sporden på fisk nummer tre frå venstre.
Hol i not
Figur 8. Bilete av eit hol som ikkje vart avdekt og der inspeksjonen ikkje vart filma. Både bilete 7 og 8 er frå sakene vi har sett nærare på. Foto: Selskapet.

Regelverk

  • Fiskeridirektoratet rår til at opptak frå ROV-inspeksjonar blir lagra som dokumentasjon, slik at både oppdrettar og tenesteleverandør i ettertid kan dokumentere at nøter er kontrollerte i samsvar med regelverket, jf. plikta til å journalføre gjennomførte kontrollar av not i akvakulturdriftsforskrifta § 41 jf. §§ 37 og 5.

Inspeksjonsrapportar og tidsbruk

Vi ser at inspeksjonsrapportane er av svært varierande kvalitet. Rapportar frå notinspeksjon med ROV inneheld ofte langt mindre informasjon enn dykkerapportar, så her er det eit stort forbetringspotensial for å dokumentere relevant informasjon frå inspeksjonen. Eksempelvis er varigheit av inspeksjonen, med starttidspunkt og sluttidspunkt, noko som manglar i mange av rapportane frå notinspeksjonar der det er brukt ROV.

På enkelte av filmopptaka kjem det også fram at inspeksjonen er gjennomført på svært kort tid og ikkje har dekt heile notarealet.

Vi har tidlegare sett at opplevd tidpress kan vere ein faktor som gjer seg gjeldande og kan medverke til at det rømmer fisk under store arbeidsoperasjonar. Det er difor viktig at både tenesteleverandørane og oppdrettarane er observante på denne faktoren så lenge arbeidsoperasjonen varer, også i samband med notinspeksjon. Slik kan dei hindre at tidspress får påverke kvaliteten på inspeksjonane negativt. Ein måte å erkjenne at dette er ein faktor som påverkar kvaliteten på arbeidet, er å dokumentere varigheit av inspeksjonen og om operatøren har opplevd tidspress eller ikkje.

Regelverk

  • Oppdrettar har ansvar for å kontrollere nøter både før dei blir tatt i bruk og regelmessig under drifta, jf. akvakulturdriftsforskrifta § 37 fjerde ledd. Kontrollen skal dokumenterast i driftsjournalen på lokalitetsnivå, jf. forskrifta § 41 bokstav i.

Fri sikt til notveggen

Ei anna sentral erfaring, som fleire av desse tilsynssakene viser, er at oppdrettaren må leggje til rette for at det er råd å inspisere heile nota utan å risikere å setje seg fast og utan at ekstrautstyr reduserer framkomst og sikt langs notveggen (figur 5). Når ei not blir spylt for å fjerne groe kan det ikkje henge ekstrautstyr som reduserer framkomst langs notveggen. Dette bør ha like høgt fokus når ei not blir inspisert. Notinspektør må ha dialog med oppdrettar dersom ein ikkje får inspisert heile nota.

Figur 8. Illustrasjonsbilete som viser leppefiskskjul, «plastikktare», som heng langs notveggen. Foto: Magnus Torvik.

Regelverk

  • Formålet med kravet til regelmessig kontroll av nøter er å førebyggje og avgrense rømming. Plikta til å kontrollere nøtene må sjåast i samanheng med kravet om at drifta skal vere teknisk, biologisk og miljømessig forsvarleg og at det skal visast særleg aktsemd for å hindre at fisk rømmer, jf. akvakulturdriftsforskrifta §§ 5 første ledd og 37 første ledd. Oppdrettaren skal på denne bakgrunnen gjennomføre risikovurderingar og setje i verk nødvendige tiltak med sikte på å minimalisere risikoen for rømming, jf. akvakulturdriftsforskrifta § 37 første og andre ledd og forskrift om IK-Akvakultur.[/factbox]

Regelverk

  • Leverandørar av notinspeksjonar til akvakulturverksemder er også omfatta av forskrift om IK-Akvakultur og kravet om internkontroll for tenestene dei leverer. Dei må ha rutinar for kva dei skal gjere viss dei møter hindringar under gjennomføring av inspeksjonen.[/factbox]

Kort oppsummering

Denne gjennomgangen viser at det er ein heil del faktorar som gjer seg gjeldande ved notinspeksjon med ROV. Det er viktig å lære av feila som er gjort og ta desse erfaringane til seg for å sikre fullgode inspeksjonar. Som gjennomgangen vår viser, er dette nokre av momenta som er viktige for at ein notinspeksjon med ROV skal halde god nok kvalitet:

  • god planlegging og klare rutinar for korleis jobben skal gjerast

  • operatørar med nødvendige kvalifikasjonar for å inspisere nøter med ROV
  • tilstrekkeleg tal på operatørar
  • tilpassa arbeidsforhold utan forstyrrande element og tidspress
  • eit køyremønster som sikrar at heile notarealet blir kontrollert
  • god nok kvalitet på utstyret som blir brukt
  • tydeleg kommunikasjon og klare rutinar knytt til ekstrautstyr som kan hindre sikt
  • god dokumentasjon på arbeidet som er gjort
Oppdatert: 30.11.2021

Jobber du i fiskerinæringen?

Vi vil gjerne intervjue deg om hvilke utfordringer fiskerinæringen står overfor når det gjelder å følge regelverket i praksis.

Les mer og meld deg til intervju