Tips om fangst av regnbogeaure

Vi ynskjer at folk som fangar regnbogeaure skal melde inn dette. Det er særleg i Masfjorden og i Sørfjorden ved Osterøy at det kan vere slik fisk på rømmen. Vi tek gjerne imot bilete av fisken for å bekrefte kva for art fangsten dreier seg om.

Iløpet av helga har det kome inn fleire tips til Fiskeridirektoratet om fangst av regnbogeaure. Tipsene fordeler seg på to område. Ved Haus i Sørfjorden er det fanga og observert liten regnbogeaure på rundt halvkiloet. I Masfjorden er det fanga regnbogeaure i storleiken 3 kg og oppover.

Vi tek imot tips på døgnopen telefon 55 23 83 36.

 

Oppdatert: 23.11.2021