Oppfølging av vassdrag etter rømminga hjå Midt-Norsk Havbruk

Det er sett i verk tiltak i ei rekkje lakseførande vassdrag nord i Trøndelag og i Nordland etter rømminga ved lokalitet Dolma N i Nærøy kommune.

Fiskeridirektoratet har gitt Midt-Norsk Havbruk pålegg om tiltak i totalt 17 vassdrag etter hendinga der det rømte om lag 39 000 oppdrettslaks i Lekafjorden.

Åtte av vassdraga skal følgjast opp også i 2022.

Selskapet skal sørgje for å kartlegge om rømt fisk vandrar opp i vassdraga, og at uttak blir iverksett der det er behov for det.

Midt-Norsk Havbruk har engasjert Norsk Institutt for Naturforskning for å følge opp tiltakene i pålegget. Fiskeridirektoratet har mottatt og godkjent ein plan for aktivitetene.

Fleire tiltak

Fiskeridirektoratet har òg mottatt ei rekkje tips om fangstar av oppdrettslaks i denne saka, blant anna i og ved vassdrag.

På bakgrunn av tipsene har vi iverksatt tiltak i fire vassdrag som ikkje er del av pålegget; Drevja i Vefsnfjorden, Sausvassdraget i Velfjorden, Lakselvvassdraget i Innervisten og Leirelva i Leirfjorden.

Fiskeridirektoratet vil rette ein takk til dei som har meldt frå til oss om fangstar og observasjonar av den rømde laksen. Tipsene har bidrege til å gje eit godt bilete av korleis fisken har spredd seg.

Fiskeridirektoratet ønsker framleis tips

Publikum kan sende e-post, eller ringe vår døgnopne vaktsentral på telefon 55 23 83 36.

Oppdatert: 08.10.2021