Legemiddel - bruk og tilsyn

For å kunne bruke legemiddel i behandlinga av akvakulturdyr, er det krav om å vurdere dei lokale forholda og finne tiltak for å redusere negative konsekvensar for miljøet. Vurderingane skal vere skriftlege. Miljøpåverknad frå legemiddel er eit fast tilsynsområde for Fiskeridirektoratet.

Akvakulturregelverket krev at drift av akvakulturanlegg skal vere miljømessig forsvarleg (akvakulturdriftsforskrifta § 5).

Ved bruk av legemiddel skal verksemdene vise særleg aktsemd for å unngå uakseptable effektar på det omkringliggande miljøet (§ 15).

Regelverket inneheld også særskilde vilkår for bruk og utslepp av legemiddel, noko som inkluderer avstandskrav til rekefelt og gytefelt (§ 15a, b og c)

Akvakulturdriftsforskrifta (lovdata.no)

Detaljkrava i regelverket viser til Fiskeridirektoratets kartverktøy for oppdatert oversikt over rekefelt og gytefelt. Bruk dette kartverktøyet for å planlegge bruk og utslepp av legemiddel:

Kart over legemiddel – bruk og tilsyn (Fiskeridirektoratets kartverktøy)

I tillegg til rekefelt og gytefelt for torsk, er det lagt inn fleire andre temalag i standardinnstillinga for denne kartfunksjonen. Desse temalaga viser ulike område som kan vere aktuelle å vurdere i samband med lokalspesifikke risikovurderingar for bruk og utslepp av legemiddel.

Rettleiing i regelverket

Den som er ansvarleg for verksemda, og skal sørgje for at det vert innført og utøvd internkontroll, må også sikre at internkontrollen omfattar krava til forsvarleg bruk av legemiddel. Fiskeridirektoratet har to publikasjonar om rettleiing i det aktuelle regelverket.

Nye krav i driftsregelverket til brønnbåtar og andre tjenesteleverandørar (nyhet 24.08.22)

Dei to publikasjonane utdjupar krava i regelverket og signaliserer kva som minimum er forventa i verksemdene sine risikovurderingar:

Rettleing: Bruk og utslepp av legemiddel ved behandling av akvakulturdyr

Rettleing: Tømming av badebehandlingsvatn tilsett legemiddel

Kunnskapsgrunnlag om effektar på hummar

15. juni 2022 arrangerte Fiskeridirektoratet eit digitalt seminar om korleis legemiddel kan påverke hummaren.

Sjå webinar om korleis avlusingsmiddel kan påverke hummaren (nyhet 31.05.22)

Ved å kople saman kunnskap om hummarbiologi og kunnskap om effektar av eksponering for legemiddel, vart webinaret ei kjelde til meir innsikt og eit godt grunnlag for å kunne auke kvaliteten på risikovurderingane knytt til bruk og utslepp av legemiddel.

Det samla kunnskapsgrunnlaget viser no at utslepp av deltametrin, som er verkestoffet i legemiddelet Alpha Max, kan føre til vesentleg større miljøpåverknad enn dei andre verkestoffa som blir brukte i avlusingsmiddel og kan sleppast ut i sjøen etter bruk.

Utslepp av deltametrin i sommarhalvåret viser seg å utgjere ein særleg risiko for å påverke hummarbestanden negativt. Fiskeridirektoratet tilrår difor å unngå bruk og utslepp deltametrin i sommarhalvåret. 

Tilsynskampanjen

Fiskeridirektoratet gjennomførte i 2020 ein tilsynskampanje med mål om å undersøkje om verksemdene, gjennom sine internkontrollsystem, sikrar miljømessig forsvarleg bruk av legemiddel.

Erfaringane frå tilsynskampanjen har vi summert opp i ein eigen rapport.

Miljøpåverknad frå legemiddel - Utdrag av evalueringsrapport

Tilsynskampanjen avdekte samla sett eit relativt stort tal avvik, noko som viser at det var viktig å sette miljøpåverknad frå legemiddel som eit prioritert område for tilsyn.

Fiskeridirektoratet har gjennom tilsyna formidla våre forventingar til næringa når det gjeld bruk og utslepp av legemiddel. Verksemdene vi førte tilsyn med, har på si side gjennomført forbetringar som skal sørgje for at regelverket blir etterlevd. Vi vurderte at desse tilsyna fungerte etter hensikta og hadde god effekt.

I etterkant av tilsynskampanjen sende vi ut ei spørjeundersøking til alle verksemdene som fekk tilsyn under kampanjeperioden. Resultata frå spørjeundersøkinga samsvarar godt med vår eiga evaluering av tilsynskampanjen og gav dessutan nyttig tilleggsinformasjon om erfaringane til verksemdene i tida før, under og etter sjølve tilsyna. Tilbakemeldingane viste at tilsyna i stor grad har ført til forbetringsarbeid i verksemdene.

Tilsynskampanje - miljømessig forsvarleg bruk av legemiddel. Spørjeundersøking etter gjennomført tilsynskampanje (pdf, 5.4 MB)

Jobber du i fiskerinæringen?

Vi vil gjerne intervjue deg om hvilke utfordringer fiskerinæringen står overfor når det gjelder å følge regelverket i praksis.

Les mer og meld deg til intervju